PDA

Vis full versjon : Rist ifra mellomaksel, 240



Agrostar
30/09/18, 17:55
Bytta girkasse ifra M47 til M46, og no ristar det over 40-50km/t. Eg henta akslingen komplett ifra ein delebil, og markerte korleis den hadde stått isammen der. Men eg hugsar ikkje om den bilen rista eller ikkje.

Eg har lagt merke til at krysset på girkassen hverken står likt eller 90grader i forhold til det på bakre mellomaksel. Skal det vere likt, eller 90 grader i forhold?

7299

tom.vidar
30/09/18, 19:33
http://forum.vccn.no/img-dump/2018/09/274.jpg

Mener de skal stå 90°

Agrostar
30/09/18, 21:46
Dei er 90 grader på bildet ihvertfall ja. Kan starte med å prøve det da.

Agrostar
30/12/18, 20:04
Snudde akslingane so alt blei på linje, utan at det hjelpte. Dreiv på idag med litt forskjelligt.

Bytta bakre aksling, ingen forskjell.
Bytta girkassefeste, ingen forskjell.
Bytta fremre aksling og sette på eit sprukke gummioppheng, ingen vibrasjon.

So no blir det å prøve med nytt gummioppheng og sjå om problemet ligg i akslingen eller opphenget.

Agrostar
13/01/19, 22:53
Nytt oppheng blei montert, og det rista i 40km og 60+. Satte på det utslitte opphenget, og ristingen forsvann. Tok baufila og skar hakk i all den tynne gummien på opphenget, so det nesten er igjen kun dei 3 grøvre tappane, og da er ristingen borte. So anten er det gummien som blir for stiv, eller so er det noko med vinkelen imellom dei to akslingane. Meinar at når eg har køyrt med hengar so har det rista litt mindre, det kan jo tyde på vinkelen. Men rart at ingen andre hatt problemet.