PDA

Vis full versjon : Bytta Virvelspjeld 2,4d 2007



andreash
01/05/18, 14:04
Då har eg omsider fått bytta virvelspjeldet på bygdadrosjen. Etter 360000km var det enorme mengder sot og koks i innsuget, så stakkaren har nok hatt pustebesvær. Motorlampe og nødmodus forsvann, og bilen går svært mykje bedre enn før. Men eg lurer på kva som gjer feilmeldinga på sjølve spjeldet? Det er jo ingen sensor på spjeldet?

Har litt bilete, mer korleis legg eg dei inn?

4x4vinge
01/05/18, 14:09
Vist du har tilang til vida. Så går man inn på ecm og kalibrere virvel spjell og du kan kalibrere mange ting og det lønner seg og ta en runde

MadAss
01/05/18, 16:56
Sit potensiometer i motor.
I tillegg blir også luftmassen målt. Om denne er for lav ut i frå EGR- og virvelspjeldposisjon, vil du også få feilkode på LMM.

Sent fra min SM-G955F via Tapatalk

andreash
01/05/18, 23:49
http://forum.vccn.no/img-dump/2018/05/47.jpg Dette var verre enn eg hadde forestillt meg. Fekk store problem med å få motoren i gang att etterpå, og vart engsteleg for at eg hadde tatt knekken på ei dyse. Men etter å ha kinna batteriet flatt to gongar kom den plutseleg, og gjekk som ei sol. Så var nok luft som lurte meg.

Vegard__
02/05/18, 18:29
http://forum.vccn.no/img-dump/2018/05/47.jpg Dette var verre enn eg hadde forestillt meg. Fekk store problem med å få motoren i gang att etterpå, og vart engsteleg for at eg hadde tatt knekken på ei dyse. Men etter å ha kinna batteriet flatt to gongar kom den plutseleg, og gjekk som ei sol. Så var nok luft som lurte meg.

Det så forferdelig tett ut... hjelpes meg [emoji53]

andreash
03/05/18, 06:49
Ja det var veldig igjennkoksa. Har vore plaga med feilmelding og nødmodus, dette ser ut som er borte. Fekk råd av mekanikar å fjerne lenkearmen mellom servomotor og staget, og feste spjeldet i åpen posisjon. Men dette hjelpte ikkje. Staget var forøvrig så slakkete at det ikkje var mogeleg å åpne heilt.... I følge skriften frå Volvo skal også dyserøyr og dyseboltar skiftast, men dette har eg brukt oppatt. Eg presterte også å gløyme å kjøpe nye kobberskiver til dysene, men gløda dei gamle. Ser tett og fint ut. Så har kun skifta spjeld og gummipakning. Kunne nok brukt den også opp igjen. Har lurt på å få programert om egr, men trur ikkje eg bryr meg med det. Om denne jobben må gjerast kvar 360000km, så skal eg kunna leva med det. Neste prosjekt no er registerreim, og evt clutch. Nokon som har gjort dette sjølv, og har nokre tips? http://forum.vccn.no/img-dump/2018/05/79.jpg http://forum.vccn.no/img-dump/2018/05/80.jpg

gaupe
03/05/18, 09:43
Som eg nemnte til deg på facebook, så er registerreim veldig enkelt å bytte, ikkje så veldig ulikt multireima. Men det er ein stor fordel å ha verktyet for å kunne låse av topp og øvre dødpunkt, for å vere sikker.

Kjente du over ventilløfterane for slakk før du monterte saman igjen?