jansen00788
21/09/17, 16:39
Heisann godtfolk.
Har lyst å dela min erfaring i håp om at da kan hjelpa ein del andre som kanskje sit og slit med liknande problem med bilen sin.
I byrjinga av august hadde eg bilen inn på EU kontroll (Volvo s60 -05). Nokre dagar før EU kontrollen hadde eg fått følgande alarm (Bromsfel, stanna snarast).
Som del av EU kontrollen fekk eg lest av alarmen og den kunne fortelje meg at det var svikt i "Bremsetrykkføler 1 og 2". Medan denne alarmen kom, forsvann speedometer og km-teller.
Ca. 1 veke etter kontrollen fekk eg ein ny alarm, (Sotfilter fullt, se manual). Eg forsøkte å køyre slik at eg fekk brent utav, men til ingen nytte. Etter 2 dagar gjekk bilen i nødmodus og depresjonen var komplett!
Etter mykje om og men fekk eg bilen godkjend for 2 nye år, med beskjed om at eg burde bytte partikkelfilter og bremsetrykkfølarar.
Problemet mitt var at Volvo og Mekonomen (dei eg hadde EU kontroll hjå) hadde to forskjellige meiningar om kva sensorar eg burde bytte.
I første omgang fekk eg bestilt og bytta partikkelfilter, trykksensor for partikkelfilter og pakning (forrige fredag 15.09.17), men etter berre ei helg var det nye partikkelfilteret fullt att med påfølgande nødmodus.
I dag hadde eg bilen inne hjå Volvo for diagnose og feilsøking.
Etter 2 timar kunne mekanikaren fastslå at eg måtte bytte CEM. Denne gav ikkje straum vidare til ABS modulen og speedometeret. På bakgrunn av dette trudde systema i bilen at bilen gjekk på tomgang sjølv om eg køyrde, då den ikkje kunne registrere noko fart. Vidare førte dette til at forbrenninga i partikkelfilteret, ikkje starta som den skulle.
No er ny CEM bestilt i håp om at dette vil løyse alle verdsproblema i tillegg til mine eigne!
Vil også, sjølv om noko sikkert har gjort dette på førehand, anbefala www.skandix.de for bestilling av delar. Kjapp levering, rimelige prisar i forhold til å få det hjå merkeforhandlar og ikkje minst nye originale delar.
Håpar at dette vil være til hjelp for nokon som kanskje sit med samme problemstillinga der ute.