Vis full versjon : Treng litt hjelp med ein 850 som ikkje går.
VegardMK og eg var og henta ein ganske fin 850 i går som har stått i over eitt år fordi verkstaden ikkje fant ut kva som var gale.
Det er snakk om ein 855 med 2,4 (eller 2,5) 20v på 170 hk og automat.
Problemet er at han drar veldig dårleg. Det går an å få opp turtal viss du har god tid og trykker veldig seint på pedalen, viss du berre trykker gassen rett i golvet blir det berre mykje hosting og harking. Me fekk slept han med motoren i gong og giret i Drive og motoren gjekk og stoppa ikkje. I dag starta hen igjen, me lånte gasspjeldsensoren frå ein V70 (samme delenr) utan at det hjelpte. og so prøvde me å kjøra ein liten tur, me fekk han oppi 60 på flato men ikkje meir. Plutseleg stoppa han og ville ikkje starta igjen. Han får bensin men ikkje gnist.
feilkodane på han er: 111 444 122 211 213 214 På verkstaden har dei sjekka timinga på registerreima, dei har skifta coil og pluggledningar, målt bensintrykk og ganske mange andre ting. Dei trur kanskje det er styreenheten som er gåen.
Er det nåken som har nåken gode forslag, enten for å finna ut koffor han gjekk so dårleg eller koffor han plutseleg ikkje går i det heile tatt? Eg veit ikkje om det er nåke sammenheng, det kan jo skje mykje rart når han har stått so lenge.
Sjekka luftfilter? Om det er tett? Slik du beskriver bilen så er det veldig slapp. Lettere sagt har gått inn i nødmodus. Dere kan forsøke å kortslutte + og - for å slette feilkoder (ta av minuspolen og legg koblingen på + polen). Holdes der i ca. 15 sek. Da skal du ha slettet feilkoder som evt. kan ha lagret seg.
I prinsippet trenger du luft, bensin og gnist for å få effekt ut av en motor. Det er konkludert med at det kommer bensin, og om det er tilstrekkelig med luft så gjenstår det bare gnisten. Dør motoren momentant, eller dabber den av? Uansett så har du kamakselgiver, svingshjulssensor og tomgangsregulator som er med å styrer turtall. LMM har også en innvirkning her, men den skal jo ikke gi gnistproblemer.
Jeg ville samtidig bare for moro skyld forsøkt å bytte bensinpumpereléet. Jeg opplevde mange merkelige feil med et delvis defekt relé og fant ingen feil på bensintrykket heller.
Ja det kan godt henda han går i nødmodus men motorlyset har ikkje lyst før i dag. Luftfilter et er i orden og me har sletta kodane sånn som du seier. Han får bensin, det luktar bensin av eksosen når me prøver å starta han, løfta litt på pluggledningane og det var ikkje mykje liv der so han har nok ikkje gnist.
Som sagt går han ikkje no, men når han gjorde det daua han ikkje, berre nesten, av og til gjekk det an å kjøra litt, av og til bjynte han berre å hosta og harka med ein gong eg var borti gasspedalen. Kan jo sjå litt på det med kam og svinghjulssensoren og, for viss dei ikkje virkar startar han vel ikkje, men hadde han fått bensin då? Viss det var tomgangsregulatoren hadde det vel ikkje vore problem når me gjer litt gass?
Bensinpumpa går i alle fall men det skadar sikkert ikkje prøva å skifta releet. Er det to rele på dessa?
Takk for hjelpa :)
Er fordelerlokk og rotor byttet? Har også opplevd det at når motor blir varm så fungerer ikke fordeler lokket lenger.
Fordelarlikket er i alle fall skifta, det gamle såg ikkje fint ut, rotor veit eg ikkje, trur ikkje ledningen mellom coilen og fordelaren er skifta heller. I går gjekk bilen i ein time, stoppa ikkje før eg slo av tenninga.
Dei på verkstaden trudde det var styreenheten og det kan jo henda men eg syns det virka litt rart.
850GLTsilver
17/09/14, 14:07
Oi oi oi som man kan mistenke tett katalysator.
Får du motoren opp i turtall om du har den i nøytral og gir gass?
Ikkje tull med å slep bilen i drive eller noko om det er automat... Om du har lest av feilkodane, so reknar eg med det er 95 eller før? Da kan du slette alle kodane og begynne på nytt, det er fleire nummer som er like på hjernane, so å kun skrive tala seier ingenting når ein ikkje veit kva hjerne dei er henta ut ifra. Pass på at rotor er i orden som sagt, eg har plagd mykje på grunn av at den har vore utsleten eller øydelagd.
Oi oi oi som man kan mistenke tett katalysator.
Får du motoren opp i turtall om du har den i nøytral og gir gass?
er ikkje katalysatoren den vart sjekka på verkstaden før bilen vart kjøpt. trur det kan ha med kamaksel sensoren å gjere, men er ikkje sikker.
Ikkje tull med å slep bilen i drive eller noko om det er automat... Om du har lest av feilkodane, so reknar eg med det er 95 eller før? Da kan du slette alle kodane og begynne på nytt, det er fleire nummer som er like på hjernane, so å kun skrive tala seier ingenting når ein ikkje veit kva hjerne dei er henta ut ifra. Pass på at rotor er i orden som sagt, eg har plagd mykje på grunn av at den har vore utsleten eller øydelagd.
Når me slepte han gjekk motoren, grunnen til at me slepte han var at han drog so dårleg, det skal ikkje vera nåke verre for automatkassen enn å sleppa gassen i ein nedoverbakke. Det er 4 hjernar i han som me har funne, ein der med hovudsylindaren og tre i den boksen på høgre sida i motorrommet.
Fordelarlokket har blitt skifta på verkstaden men kanskje ikkje rotoren har det, kan jo vera verdt å sjekka :)
Hjernen ved bremsekraft forsterkeren er til ABS/TRACS. I hjerneboksen på passasjersiden så har du styring for tenning, bensin og automat kassa. Ville foreslått å begynne med tenningshjernen siden gnisten dabber av.
Hjernen ved bremsekraft forsterkeren er til ABS/TRACS. I hjerneboksen på passasjersiden så har du styring for tenning, bensin og automat kassa. Ville foreslått å begynne med tenningshjernen siden gnisten dabber av.
Innbiller meg at Agrostar siktet mer til hvilken plugg man bruker til å lese av feilkoder med, ettersom alle hjernene kan gi like tall på dioden i motorrommet, uten at vi dermed vet hvilken det er fra.
prøvde idag å bytte kamaksel sensor, men vil fortsatt ikkje starte. meste parten av kodane gjekk vekk med unntak av 3. det var 213 på pinne nr.1, 111 på pinne nr.2 og 314 på pinne nr.6. har hørt at 314 betyr at den ikkje får signal frå kamaksel sensoren, 314 koden kom ikkje opp med den gamle sensoren.
Automatlåda
Sockel A1
2-1-3 För hög spjällägessignal
111 uansett hjerne er ingen feil.
Tändsystem
Sockel A6
3-1-4 Kamaxelgivarsignal saknas eller är felaktig
Det er nok kun siste du treng å bry deg om. Bytte de til ein brukt eller ny?
Hvordan kan de sjekke katalysator? Høres akkurat ut som den er tett. Er verdt forsøket å fjerne den.
Var akkurat som du beskriver på min bil. Cat var potte tett. :-)
sensoren var frå ein v70 som står hos Øygard. kan prøva å ta av katalysatoren, men trur ikkje det hjelper. det virkar som det ikkje er tening på pluggane, luktar rein bensin frå eksos.
vBulletin® v4.2.5, Copyright ©2000-2024, Jelsoft Enterprises Ltd.