PDA

Vis full versjon : Kvitring på XC90 D5 2007 185hk



gaupe
21/10/13, 10:44
Som så mange andre slit eg med kvitring på desse motorane når den er kald.

Har prøvd å ta ein video som skal ta med lyden, men den er nok litt forvrengt:


http://www.youtube.com/watch?v=PYwExU5eDRc

Så eg skaut frå hofta, og bytta strammehjul og løpehjul, og då vart det berre verre. Så då var eg rimeleg trygg på at det måtte vere frihjul på dynamo, og det var det nok også, sidan det var låst. Reima klapra tidlegare, det har gitt seg no, no ser ein at strammaren jobbar litt, medan reima går rundt, men dette er kanskje vanleg?

Lyden endrar seg ikkje når AC koblar inn og ut. Den endrar lyd når servo blir belasta og det høyrest ut som lyden forsvinn litt når ein rusar motoren og lar den gå ned igjen, altså når frihjulet går fritt.

Eg hadde ei feilmelding på lading frå dynamo, men den sletta eg, sidan eg mistenkte den for å ha samanheng med frihjulet, den har ikkje kome tilbake.

Ein annan ting, er at eg veldig mykje dynamostøy på AUX-inngangen på stereoanlegget, som også kan tyde på at dynamoen kan vere ugrei.

Etter å ha høyrt på ulyd frå servopumpe frå ein annan Volvo med kvitblokk, så er nok frekvensen litt annaleis der, men ein kan nok ikkje frikjenne den for det.

Idéar?

Tore
21/10/13, 10:53
Au; her hadde jeg trengt sovemedisin :-(

locked
21/10/13, 20:51
Som du sjølv seier, forvrengt..

Men, eg syns det høyres ut som at du har eit lager som er i ferd med å ryke, har du prøvd å hatt av reima og snurra litt fart på dynamoen? Eg har skifta to dynamoa på D5'motorar. Virkar for at defekt frihjul øydelegg lagera i dynamoen over tid.

Kjøp deg eit slik, det er så mykje lydar i ein dieselmotor at ein må nesten ha det..

Eg har ein sånn, men den under er muligens eit mykje bedre alternativ.
http://biltema.no/no/Bil---MC/Verktoy-og-verkstedutstyr/Testinstrument-og-Elektronikk/Stetoskop-20338/

Denne ser eg dei har no, eg tenkte å kjøpe meg ein slik..
http://biltema.no/no/Bil---MC/Verktoy-og-verkstedutstyr/Testinstrument-og-Elektronikk/Elektronisk-stetoskop-191404/

gaupe
21/10/13, 21:14
Ja, det er vel omtrent det eg har konkludert med her. At det er det låste frihjulet som har drept lagera i dynamoen.

Er det råd å bytte lager i desse dynamoane?

C.Erstad
21/10/13, 21:18
Ja, det er vel omtrent det eg har konkludert med her. At det er det låste frihjulet som har drept lagera i dynamoen.

Er det råd å bytte lager i desse dynamoane?
Det går ann ja.
Men det lønner seg som oftest å kjøpe ny dynamo...

Så er alt i orden. Frihjul-lagre og regulator :)

aarnes
21/10/13, 21:19
du får da en dynamo fra en delebil til under 1000lappen

www.finndel.no - massevis av deler!

locked
21/10/13, 21:20
Ja, det er vel omtrent det eg har konkludert med her. At det er det låste frihjulet som har drept lagera i dynamoen.

Er det råd å bytte lager i desse dynamoane?
Eg har skifta på ein, vart bra heilt til ein hadde hatt litt turtall på motoren. Var ikkje råd å få tak i kulelager med eksakt spesifikasjon så reknar med den ikkje tålte hastigheten.

Er forsåvidt ei smal sak å skifte lagera, billig er det og om du gidd men eg fekk dynamo så billeg at eg ikkje gadd styre meir :)

locked
21/10/13, 21:20
du får da en dynamo fra en delebil til under 1000lappen

www.finndel.no (http://www.finndel.no) - massevis av deler!
En som er like dårleg som den han har omtrent, eller blir det i løpet av kort tid....

aarnes
21/10/13, 21:22
En som er like dårleg som den han har omtrent, eller blir det i løpet av kort tid....
tja, er levetida virkelig ikke lenger enn 120k på dette karroseriet?

C.Erstad
21/10/13, 21:23
tja, er levetida virkelig ikke lenger enn 120k på dette karroseriet?

Finnes ingenting som heter levetid lengre...

gaupe
21/10/13, 21:27
tja, er levetida virkelig ikke lenger enn 120k på dette karroseriet?

Følgeskade av å ikkje bytta frihjul, tenker eg. Så har klapringa slått i dynamoen, får berre håpe Ac og servo ikkje har fått skade.

locked
21/10/13, 21:55
tja, er levetida virkelig ikke lenger enn 120k på dette karroseriet?
Vel, generatoren har lite med karroseriet å gjere, men det virkar å vere ei vanleg prosedyre at dersom frihjulet ryk så går og dynamoen i løpet av kort tid.

Frihjulet er ein slitedel, og burde vore ein del av serviceprogrammet, spesielt på dieselutgavene.