Agrostar
01/10/13, 20:19
Kjøpte nytt oppheng og lager hos Volvo, monterte det ilag og fyllte opphenget med sikaflex. Når me skulle ha bakre del inn i fremre del fekk me problem, viste seg at det var blitt hakk i plasten utapå splines, so me fekk det ikkje isammen. So me skar vekk plasten og fekk det endeleg isammen. Når eg no gjer på, so er det vibrasjonsfritt, og under jamn fart er det likt. Men om eg er over 50km/t og slepp gassen so begynnar det å riste. Trykker eg inn clutchen eller set kassa i fri blir det enda verre. Eg er litt usikker på om me fekk splines heilt rett, kan hende me bomma eit hakk. Men kan det verkeleg føre til at det ristar kun under motorbrems og i fri, ikkje ellers?