PDA

Vis full versjon : V40 går ikkje på alle sylindrane, varsellamper kjem og går.



Øygard
04/03/13, 01:03
I dag dukka det opp eit problem med V40en min. Det skjedde etter at eg hadde kjørt ca ei mil. Eg stoppa og lit bilen gå på tomgomg eit par minutt før eg kjørte vidare. Då merka eg at bilen drog dårleg og at det eista. Stoppa for å sjå om det hadde komt snø på hjula som gjorde at dei var i ubalanse, men då kjente eg ei litt rar lukt og han gjekk ikkje skikkeleg på tomgong. Skjønte fort at han ikkje gjekk på alle sylindrane. Når eg kjørte vidare kom plutseleg tre varsellamper opp, SRS, bremsefeil og ladelampa kom på samtidig, og so forsvant dei igjen. Detta skjedde eit par gongar og når eg stoppa og starta igjen lyste ikkje SRS-lampa men berre dei to andre. Motorfeil-lampa lyser ikkje, og det hadde ho vel gjort viss det var ei dysa?
Har forresten av og til lagt merke til at han av og til hoppar over ein sylindar på tomgong, berre av og til, men har ikkje brydd meg om det. Eg trur kanskje det er ein tennplugg som er problemet, ska sjå litt på det i morgon, men lurer på om dåke han nåke meiningar om kva det kan vera som er gale etter det som eg har forklart?

AleksanderK
04/03/13, 01:26
Bytte pluggledninger, rotor og fordelerlokk, og nye NGK plugger?

Kan jo være dårlig lading på den?

Øygard
04/03/13, 01:36
får prøva det først ja. Er ikkje rotor og fordelarlokk på denne, er sånne nymotens greier med to coilar, men kan jo kanskje vera der feilen ligg, men har mest tru på at det er pluggane eller pluggledningane. Dårleg lading har eg ikkje tenkt på, men det er jo slett ikkje utenkeleg at børstane i dynamoen er utsletne når han runda 339000 km i dag:)

AleksanderK
04/03/13, 02:07
Fort gjort å ta ut børstene å se vil jeg tro :)

Øygard
04/03/13, 10:19
Ja, og å måla ladespenninga

Øygard
04/03/13, 18:26
Kom fram til at det sannsynlegvis er ein av pluggane som er problemet, drog ut ein og ein pluggledning, og når eg drog ut pluggledning nr 3 merka eg ingen forskjel. Når eg drog ut nr 1 var det so vidt eg fekk start på han. Når eg drog ut nr 2 var det ikkje so stor forskjel, og når eg drog ut nr3 var alt heilt likt som når alle var på plass. (nr 2 og 3 går på samme coilen).
So skrudde eg ut plugg nr 2. Den såg heilt grei ut egentlig, og so nr 3, den såg ikkje grei ut i det heile tatt. (har tatt bilde, ska lasta det opp etterpå)
Den er heilt svart av olje, sot og eit hardt belegg...Det er jo ikkje nåke problem å skifta pluggen, men det er jo ein grunn til at den er blitt sånn.

Øygard
04/03/13, 20:11
Fekk reingjort pluggane og sette dei i, og det hjelpte ingen ting. Merkar som sagt nesten ingen ting forskjel når eg drar ut pluggledningen på syl. 3, merka litt forskjel når eg drar ut nr 2 men ikkje so mykje. Når eg drar ut 1 og 4 får eg nesten ikkje start på han. Tenkte at eg kunne peila olja når eg likavel sto dar, og då var det under minimum, for ei veka sidan var det midt på, det var det veka før der igjen og, og veka før der... men i staden for olje var det kvitt skum på peilepinnen, og kjøleveskenivået har minka ein cm eller to... So då ser det ut til at eit hardt liv er over for denne bilen...