PDA

Vis full versjon : Høgt oljeforbruk V40



Øygard
13/02/13, 17:26
Har eit problem med V40en min. Det erein 1,8 bensin som er kjørt nesten 340000 km. Den har brukt ganske mykje olje i mongen år, men no har det plutseleg tatt heilt av. Det var på mandag, eg fylte på litt olje før eg skulle kjøra til Bergen. Kom heim om ettermiddagen og hadde kjørt ca 20 mil den dagen. Seinare på kvelden kjørte eg ein tur på til sammen ca 5 mil for å henta ein fyr, og då merka eg at oljelampa blinka ein gong eg bremsa litt hardt. Det skjedde eit par gongar til, det skulle mindre og mindre til og når eg var eit par km heimifrå lyste ho i eit par sekund, eg var på vei til å stoppa motoren når ho slokna. Eg stoppa og peila olja, det viste ingen ting på peilepinnen. Det var riktignok litt oppoverbakke, men det viste ingen ting på peilepinnen. Og ingen synleg lekkasje, og når eg kom heim og parkerte syns eg det lukta litt motorolje av eksosen. reagerte på litt rar lukt tidlegare på dagen og, men då trudde eg det kom frå ein traktor.
Han har jo brukt ein del olje i mange år, men longt i frå so gale. Mistenker ventiltetningar, meinar å ha lest ein gong at dei av og til takkar for seg på dessa bilane?

Jonas Soldal
13/02/13, 17:51
Ser vel om den ryk blått??

Kauto
13/02/13, 19:28
skjekka veivhusventilasjonen?=)

Øygard
13/02/13, 23:50
Ser vel om den ryk blått??
Har ikkje lagt merke til det, men det lukta olje av eksosen og so er det ingen andre plassar ho kan forsvinna, ikkje ein einaste oljeflekk under bilen.


skjekka veivhusventilasjonen?=)

Det har eg faktisk ikkje tenkt på. Men viss det var veivhusventilasjonen hadde jo olja komt ut og ned på bakken, og so er det vel ikkje nåke grunn til at det skulle bli mykje verre når eg fylte på ny olje som kanskje er litt tynnare enn den som var der frå før?