PDA

Vis full versjon : Volvo V40 96-modell til salgs i Hordaland. Godkjent til 2014



Øygard
10/10/12, 21:35
Eg legg ut ein 96-modell Volvo V40 for salg for nåken andre. Bilen står i Fusa kommune i Hordaland og har ein 1,8 liters bensinmotor og er gått 333737 km.

No er bilen EU-godkjent til og med februar 2014. I vår vart det skifta eit endeledd, venstre bremsekaliper framme og høgre bak, bremseklossar og skjever framme og handbremswirane vart skifta av meg, i tillegg fiksa eg ein eksoslekkasje. Det var ei klemma som var rusta vekk. Sjølve eksosanlegget såg bra ut. Det var alt som skulle til for å få han godkjent.
Registerreima er blitt bytta for ikkje so lenge sidan, sommardekka er bra og bilen startar og går fint.

Når det gjeld karosseriet, er det kanalane som er problemet. Resten er ganske bra. Det var litt overflaterust på hjulbuar eit par plassar, men det har eg slipt ned til blankt metall og malt med Arcanol. Det er kun på kanalane det er rusta hol. Eg tok av dei plastskjørta på kanalane for å gjera reint bakom der fordi det har lett for å rusta der, men då oppdaga eg at det var 2-3 rusthol og ein del overflaterust der. Eg slipte rusten og malte begge kanalane med arcanol, hola vart midlertidig tetta for at det ikkje skal rusta meir, men viss det er planen å ha bilen ei stund bør det sjølvsagt sveisast.
Det er litt bulkar og riper i lakken.

Motor og drivverk fungerar som det skal, men han brukar ein del motorolje.
Eg veit ikkje kva pris dei har tenkt, men han har blitt kosta på nåken 100-lappar, so eg meinar at han er verdt minst 10-12000.

Positivt:
Nye bremsar framme
Ny kaliper VF og HB
Ny handbremswire
Nye sommardekk på lettmetallfelgar
Greie piggdekk
Ikkje so gammal registerreim
Ikkje so gammalt batteri
Lite rust bortsett frå hol i kanalane
Eit nytt endeledd
EU-godkjent til 2014

Negativt:
Rusthol i kanalane
Ikkje strøken i lakken
Brukar motorolje
ABS-lampa lyser
Skade under høgre baklykt

Andre opplysningar:
Manuelt gir
Elektriske vindu framme
Lettmetallfelgar
Elektriske speil
CD-spelar

Bilde av bilen

http://forum.vccn.no/

http://forum.vccn.no/

http://forum.vccn.no/

http://forum.vccn.no/

http://forum.vccn.no/

http://forum.vccn.no/

http://forum.vccn.no/

http://forum.vccn.no/

http://forum.vccn.no/

http://forum.vccn.no/

http://forum.vccn.no/

http://forum.vccn.no/

http://forum.vccn.no/

Her har eg pussa litt rust for ei stund sidan:
http://forum.vccn.no/

http://forum.vccn.no/

Og her er ein skade etter at han vart påkjørt for ein del år sidan
http://forum.vccn.no/

Viss det er nåke dåke lurer på, kan dåke spørra her, senda PM eller senda melding eller ringa til meg, på tlf 91246445, so ska dåke få nummeret til han som eig bilen.