PDA

Vis full versjon : s60 som stopper



jansen00788
02/10/12, 16:54
Heisann

Har ein 2006 modell volvo s60 2,4D 163hk. Måtte i april bytta motorstyringsenhet på denne då den innimellom mista motorkrafta under køyring. Har no hatt problemer med at den nykker under køyring og har ved enkelte tilfeller stoppa for meg. Ved stopp har det tatt mellom 5 og 15 minuttar før eg har fått start på bilen att.

Hadde den inn til verkstad som sa at rattet var skeivt og at den stoppa pga dette, då systema i bilen trudde bilen låg i sladd og ville kutte motorkrafta. Dei retta opp rattet og tok spissing på hjula. Køyrde i ca 5 minuttar etter å ha henta bilen før den stoppa igjen.

Har no hatt den inne på Frydenbø i Åsane for å finne feilen. Dei fann feil på ei dyse som førte til nykkinga i bilen, men og ein permanent feil på motorstyringsenheta. Dei fiksa opp i desse feila og meinte at den no ville være i orden.

Fekk den att for 3 dagar sidan og igår så stoppa bilen. Nykkinga er vekke.
Når bilen stoppar lyser stort sett alt av alarmar. Får opp ei feilmelding med raud trekant som forsvinn like fort som den visar seg. Dermed får eg ikkje lest denne. Igår mens eg prøvde å starte bilen att, fekk eg opp denne meldinga "Antisladd tillf. Avstängd". Trur ikkje dette har noko å gjere med at den stoppar.

Snakka med frydenbø igjen idag og dei meinte at alternativet ville være at ein ledning var øydelagd ein eller anna plass i bilen, men at det ville bli dyrt dersom dei skulle gå over og leite på fleire hundre ledningar.

Har noko opplevd dette før eller som har ein ide om kva som kan være galt? Begynner å bli rimelig lei ;)

På forhånd takk for svar! :)

MadAss
02/10/12, 19:34
Kan være mye rart. Når du får melding om Antisladd avstengd så kan jo det feks være CAN feil. Er det andre ting som ikke fungerer når motor stopper, andre feilmeldinger? Om du har CAN feil må nesten feilen være aktiv for at feilen skal kunne lokaliseres.

Men det er vanskelig å si hva som er feil uten feilkoder.
Evt, den enkleste tingen du kan gjøre, er å bytte systemreleet for innsprøytninga. Har vært bort i en del problemer på releet på litt eldre modeller.