volavo
30/01/12, 21:23
Konebilen som ikkje er ein vinterbil, Mercedes C180t '97, har ein tendens til å tappe batteriet kvar forbanna vinter. Og vanen tru, i dag var det tomt igjen, så eg skulle starte den med startkabler frå min relativt nyerverva, erfarne vinterbil, V70'n.
Eplekjekt spretter eg opp bakluka, tek ut plastbadekaret over batteriet... og blir møtt av det best innpakka batteriet eg har sett, eit plastlokk som blir heldt fast av ein diger fastskrudd jernbøyle. Svært lite brukarvenleg. Den svenskspråklege instruksjonsboka inneheld lite om "startkablar" også så da blir det naturlege spørsmålet: Korleis i svarte får ein kobla seg på V(interdyret)70 og gitt starthjelp til den late tysker'n?
Med beste helsing og ønske om å bli heldt i handa litt :)