PDA

Vis full versjon : 940 -98 var seig å starte



Agrostar
25/11/11, 13:18
Fekk ein telefon ifra mor mi idag om at bilen ikkje ville starte. Motoren gjekk rundt, men den starta ikkje. Av og til var det heilt stilt, av og til så høyrde du den tende litt, men ikkje skikkeleg. Ho prøvde vel 5 gonger med å starte, men det samme skjedde heile tiden. Men plutseleg når ho ringde så starta den, da gjekk den ikkje heilt jamnt og det kom noko svartrøyk av eksosen i 10-30sek. Etterpå køyrde ho den varm og sløkte bilen, da starta den heilt fint. Merkar heller ingenting på køyringa at det er noko spesielt gale. Nokon idear på kva det kan vere? Funderte på fukt, for den har stått ute i natt mens det har pissregna og det er har vore tjukk tåke her i det siste.

gaupe
25/11/11, 14:17
Er det startsperre på denne? Det kan jo gi situasjonar der du ikkje får start, men då vil den gjerne ikkje gå uroleg etterpå. Svinghjulsfølaren? Er visst ikkje uvanleg at desse sprekk, og kan gi sporadiske feil.

Motstand
25/11/11, 14:41
Jeg vil å tippe svinghjulsføler. Svinghjulsføler er en slitedel som omtrent ingen tenker over:). Billig og lett å bytte.