Rusthater
23/11/11, 22:46
Som alle sikkert veit her inne har Volvo850 nokre flotte kanalskjørt. Det er ikkje få gongar fotgjengarar og liknande har snudd seg etter bilen for å kvile auga på det svartelakkerte vidunderet endå nokre sekund. Bilen ser fin ut på alle måtar, særleg frå litt avstand. Spesielt i måneskin.
I det siste har nokre små rustflekkar irritert meg litt, så eg bestemte meg for å ta av kanalskjørta. Eg fekk høyre at det er eit voldsomt arbeid å ta av desse skjørta. Eg utstyrte meg med både det eine og det andre verktøyet i forventning om at det skulle bli ein stri tørn å få av delane. Til mi store overrasking var pluggane veldig lause. Nokre av dei kunne ein omtrent nappe ut med fingrane. Etter få minutt var skjørta lause. Raudt pulver dryssa ned på bakken, og synet som møtte meg vil eg aldri gløyme. Det var som om ein levande organisme hadde kosa seg med å ete opp kanalane mine i rein ondskap. Ein saltlake som låg inne i skjørta hadde tydelegvis ikkje hindra den i arbeidet.
Eg har vore på nokre verksted og fått estimert skadene til rundt 27.000 kroner inkl. delar. Kanalane kom på rundt 7000 inkl moms. Det seier seg sjølv at eg ikkje kan betale dette på ein Volvo 850 frå 1996. Er det mogleg å få tak i kanalar til ein billigare penge?
Hjeeeeelp.