PDA

Vis full versjon : Nokre spørsmål om turbomotor og m90



sekse
22/03/10, 10:49
har bestillt ein 98 b230fk m/m90 som eg ska montera i 240´n min når eg kjem heim om nokre veker.

Det er ein 1993 gl med b230fx.

Trur eg har kontroll på dei fleste momenta av ombygginga men eg lurte litt på korleis folk har gjort det med clutchpedalen, då denne må byggast om til hydraulisk?

Ka erfaringar har folk med jt-anlegg til denne motoren?

Ka dumpventil brukar folk? Tenke på ein resirkulerande så det ikkje vert kødd med lmm.

Sikkert eindel eg ikkje har tenkt på så det er berre å koma med innspel. (Har lest guiden i how-to-forumet)

gaupe
22/03/10, 12:17
Du har jo i utgangspunktet ein veldig bra motor å turbokonvertere, med underspyling og rundkugg ;)

Å bygge om til hydraulisk clutch er litt knot i 92-93 modellar, sidan du må ta hol til clutchpumpa i plata framom pedalane. Dobbelsjekk dette, min som var automat hadde ikkje noko av hola, meinar at sein manuell har berre til clutchvaier.

For å bygge om sjølve pedalane, treng du å forlenge den litt, samt at du må bygge den om frå å dra til å trykke, dvs flytte arma på pedalen og flytte den opp til holet over der den er montert i dag.

Eg har brukt pumper, rør og slangar frå ein 740 Turbo 86 modell. Dette passar ganske greitt.

Daruu
22/03/10, 12:37
Den jeg var med å bygde om(sen 90 modell) hadde ihvertfall hull til clutchpumpe.
Du trenger selve pumpa, rør fra pumpa til clutchen, bremsevæsketanken og slangen mellom bremsevæsketanken og clutchpumpa. Vi brukte disse delene fra 940, samme bil som motor og girkasse kom ifra forøverig.
Mener vi bygde om den originale pedalen, var en guide vi fulgte, skal se om jeg finner den igjen.

gaupe
22/03/10, 12:44
Det vart endringar på 91 modellen meinar eg, du treng ikkje ny tank på bremsemaster, sidan denne allereide har uttak til clutchpumpe.

sekse
22/03/10, 13:24
Takk for innspel.

Får med clutchpumpe, slanger, pedalstell osv frå 940´n så eg får satsa på at eg får til å bruke det. Ikkje verre enn å laga hol i den plata på torpedoveggen kanskje?

Gaupe, meinte du alvor med å turbokonvertera fx´n?

Tenkte å bruke topp (531), vx3(?)kam og fordelar frå fx´n.

gaupe
22/03/10, 13:36
Takk for innspel.

Får med clutchpumpe, slanger, pedalstell osv frå 940´n så eg får satsa på at eg får til å bruke det. Ikkje verre enn å laga hol i den plata på torpedoveggen kanskje?

Gaupe, meinte du alvor med å turbokonvertera fx´n?

Tenkte å bruke topp (531), vx3(?)kam og fordelar frå fx´n.

Burde gå det ja, blir trangt å få plass pumpa, men det går.
http://forum.vccn.no/img-dump/2010/03/1651.jpg

Burde gå fint å køyre med standard B230FX og litt turbotrykk ja, FXen har litt lavare kompresjon enn standard F, pga 531-toppen. Einaste, er at du må finne olje tur og retur. Er VX-kam i FX-motoren.

sekse
22/03/10, 19:35
Meininga å montera pumpa i holet heilt til høgre i biletet der?

gaupe
22/03/10, 19:59
Meininga å montera pumpa i holet heilt til høgre i biletet der?

Stemmer, og det må du nok lage sjølv. Du kan jo sjekke på din bil, om det er ei luke der, slik som det var på eldra bilar - då det var venstrestyrte modellar med clutchpumpe.

sekse
24/03/10, 21:50
Noen som har peiling på om wastegaten kan justeres? Og vil det funke bra?

Eller er det bare å blende og kjøpe noe å montere før innsuget?