PDA

Vis full versjon : Kompresjonstest



rar.ide
30/08/11, 10:50
Eg tenkte eg skulle ta ein kompresjonstest på min 850 2,5 10v og prøvar å unngå å gjere alt for mange tabber. Fann heller ikkje nokon god guide til dette her på forumet, så dersom me kan samle litt info om det her kunne kanskje fleire hatt nytte av det.

Tenkte eg kunne skrive opp det eg har oppfatta her, og så er eg meir enn glad for å bli retta på der eg har feil, eller supplert med tilleggsinformasjon der det manglar noko.

1. Køyr motoren varm
2. Koble frå kontaktene til bensindysene under aluminiumspanelet på toppen av motoren.
3. Sørge for at det ikkje kjem straum til pluggane så ein får støt. Haynes seier ein skal koble frå turtalsgivaren som sit på girkassa ein plass, men dette syns eg høyrdest veldig tungvint ut, for såvidt eg skjønar sit den ganske kronglete til. Eit gamalt triks eg har høyrt om er å jorde pluggane til gods, eller å jorde høgspentkabelen frå coilen. Eventuelt koble frå lågspentsida på coilen som var lett å koma til live bak luftfilteret.
4. Skru av dekselet over pluggane.
5. Dra opp plugghylsene. Dette hadde eg vekslande hell med. Fyrst fekk eg ikkje opp plartrøyret, men berre kabelen og mansjetten. Så fekk eg opp plastrøyret, men ikkje den nederste gummimansjetten som sat rundt sjølve pluggen. På den eine pluggen drog eg ut denne gummien i småbitar med tang for å få den ut. Er det meininga at desse skal sitje så godt fast? Er det nokon betre tips for å få opp heile greia i eitt? Går det an å få tak i nye gummipluggar (dei nederste) utan å kjøpe eit heilt nytt tennkabelsett på mekonomen til 1142 kr (varenr. 19-ZEF1231)?
6. Skru ut alle pluggane med ei plugghylse. Her stoppa det for meg i går, då eg ikkje hadde mindre plugghylse enn 19mm. Er det 16mm plugghylse eg treng? (Til dømes art 20048 på biltema..)
7. Skru inn kompresjonstestaren i kvart av plugghola og køyr startmotoren i nokre sekund til ein oppnår stabilt trykk. Eg har ein kompresjonstestar med art. nr. 15-1316 frå biltema. Veit ikkje om den passar, men den har tilkobling til tre ulike gjengetypar.
8. Ha på noko slags pasta på pluggjengene..?
9. Stram til pluggane med 25Nm (ref. Haynes).

Tore
05/09/11, 13:30
Når det gjelder pluggkablene så høres det nok ut som at du trenger nytt tennkabelsats ja, men det er jo ikke noe å furte over; dette er jo en slitedel som skal byttes ved jevne mellomrom :)

rar.ide
05/09/11, 15:54
Kompresjonsmålinga viste mellom 10 og 11 Bar på alle sylindrane, så det kan ikkje ha vore så veldig ille. Men etterpå har motoren lugga veldig under 2500 rpm. Mistenkjer at den berre går på fire sylindrar. Eg får skifte pluggar og pluggkablar og satsar på at det ordnar seg.

ola normann
05/09/11, 17:06
bytt rotor og fordelerlokk i samme slengen, så regner jeg med det er i orden.

Tore
05/09/11, 19:15
Som sagt; du trenger nytt kabelsats til pluggene... De vaar i utgangspunktet dårlige, og nå er de ødelagt... På tide å bytte de - og gjerne de øvrige slitedele i tenningssystemet (rotor og fordelerlokk). Regner med at pluggene er nye...

rar.ide
09/09/11, 08:48
Skifta pluggar og pluggkablar. No går den fint.

Gamal plugg.http://dl.dropbox.com/u/1213648/P1000592.JPG

HarryVolvo
09/09/11, 08:51
Faen som har skjedd med den pluggen der da? :p

rar.ide
09/09/11, 08:58
Den har stått i mototen og gnistra. Veit ikkje når dei vart skifta sist. Veit heller ikkje kva som lagar det kvite belegget. Alle pluggane såg meir eller mindre like ut.

Tore
09/09/11, 17:56
Den pluggen ser vel ut som enhver normal plugg vil gjøre om de står forlenge i en motor; Belegget er forbrenningsrester som kan påvirkes av oljelekkasje, drivstoffkvalitet og generelt lenge siden sist byttet. Trenger ikke nødvendigvis å være annet galt en sløvt vedlikehold (for langt intervall mellom skift).