PDA

Vis full versjon : B19-motor blir varm.



Øygard
20/04/11, 11:36
God dag, eg har ein Volvo 242 77-modell med ein B19-motor, heilt original og berre kjørt ca 150000 km. Den sto parkert i eit halvt år, under oppussing, og vart starta opp av og til, men ikkje ofte. I vinter var den klar for vegen og skulle ut på prøvetur. Den fungerte perfekt. Men på den andre turen, nokre dagar seinare vart den varm, og me skrudde ut termostaten for å kunna kjøra vidare.
Litt seinare fekk eg tak i ny termostat og sette den i, då vart motoren varm gjen, so den måtte ut. Eg tenkte det sikkert var radiatoren som var tett, so eg tok den ut og rensa den med både kaustisk soda og plumbo, og det kom ut mykje graut, og etter dette har temperaturen i motoren heldt seg longt under normal, berre viss eg pressar bilen litt i fjerde gir opp longe bratte bakkar, eller den står på tomgong hender det at den kjem opp på normal.
Men når eg sette i termostaten igjen gjekk temperaturen rett opp på det raude igjen, sjølv om termostaten er heilt ny, og eg forstår ikkje kva som gjer det, det er sikkert berre ein liten bagatell, men det er ikkje lett å finna ut kva som er gale, eg håpar at noken kan gje meg litt råd sånn at eg slepp å bruka so mykje tid på å finna ut av detta her.

TurboNoob
20/04/11, 12:11
Har du satt termostaten riktig vei. Mener og huske at den passer i begge veier.

Christian
20/04/11, 14:31
Den passer vel bare en vei, men det er forskjell på opp og ned.

Øygard
20/04/11, 15:20
Takk for svar, eg sette termostaten rett veg ja, stemmer det at det vesle holet med ein "pinne" i skal vera opp? Eg trur eg las det her på forumet ein gong.

Øygard
29/04/11, 20:09
Eg las i ei bok i dag, som er lika gammal som bilen min, den heiter ALT OM BILEN, og der står so å sei alt om bilen. Korleis ting er laga, korleis ein gjer reparasjonar og vedlikehald og mykje meir. Veldig bra bok for alle med litt eldre bil.
Det er og nåken sider me kan slå opp på viss det er nåke gale med bilen, for eksempel viss motoren går fint på tomgong men stoppar når me gjer gass, so står det i den boka kva som kan vera gale og kva som må gjerast, evt. henvist til sidetal i boka der reparasjonen er beskreve.
Men til saken: Eg slo opp på kva som kan vera gale når motoren er varm, alt som sto der som kunne vera gale, har eg sjekka, berre ikkje "Vannpumpen virker ikke eller virker dårlig" og kva som må gjerast: "Monter ny vannpumpe eller byttepumpe".
Vannpompa virkar i alle fall litt, for han kjølar brukbart utan termostat, men ikkje med, so kanskje vannpompa virkar dårleg då? Men går det an? Eg trudde vannpompa pompa bra so lenge ho gjekk eg. Men eg veit ikkje, so derfor spør eg nåken som har litt meir greie på det enn eg har.

kermitt
29/04/11, 20:21
kan det tenkes at vannpumpa har fryst sund i vinter?

Øygard
29/04/11, 21:49
Det har eg ikkje tenkt på, sikkert fordi det ikkje er nåke ant som er frose sundt, men det kan jo henda at vannpumpa har blitt skada av kulden. Ein an ting eg lurte på er om det kan vera sånn "graut" som var i radiatoren i ho, eg trur eg skal ta ho ut ein gong eg har tid, og sjå korleis det ser ut inni ho.

vazborris
29/04/11, 23:15
er radiatoren veldig gammel er det heller ikke dumt med en ny en fra biltema til 900 kr:) da er den hvertfal helt tom for grøt:)

Øygard
30/04/11, 10:35
Radiatoren er so vidt eg veit lika gammal som bilen, so in ny hadde sikkert vore lurt, men viss det ikkjehjelper har eg jo kasta vekk 900 kr. Men eg trur det er verdt å gjera eit forsøk.